Friluftsmagasinet
-
Hundekjøring, ørretrøyking og rypefjellet...
Helge Søfteland får vera med når lærarar og elevar bur seg på ei åtte dagars eventyrreise på Finnmarksvidda. Elevane på hundekjøringsfaget skal no ut på årets høgdepunkt, med kvart sitt seks-spann. Med lærarane Harald Tunheim, Ole Sigleif Johansen og Åse Østvold, og elevane Karine Gjeruldsen og Maria del Carmen Omenås Kolstø. Arnulf Møllerstad lærer å røyka sjøaure saman med Bent Ask og Svein Solstad på Telemarkskysten. Arnulf får forklaringa på kvifor rypene er borte frå fjellheimen, frå...
-
Allemannsretten, sjøørretfiske og Naturvernforbundet.
Helge Søfteland får høyra meir om allemannsretten frå seniorrådgjevar Arild Sørensen i Direktoratet for naturforvalting. Kvaslags plikter følgjer med den mange århundrer gamle retten?Arnulf Møllerstad fiskar sjøaure saman med Bent Ask og Svein Solstad på Telemarkskysten. Arnulf fortset og serien der dei ulike natur og miljøorganisasjonane får sleppa til rundt mikrofonen før valet. I dag er det Lars Haltbrekken frå Naturvernforbundet.
-
Polareventyrarar, ulv og ein rypeprofessor...
Helge Søfteland møter eventyrarane Cecilie Skog og Aleksander Gamme, men får servert litt ukjende historiar frå turane deira. Arnulf Møllerstad treff ulvemotstandar og høgremann Gunnar Gundersen, som meiner ulven ikkje er ein trua art me treng å ta omsyn til her i landet. Arnulf byr og på eit gjenhøyr med rypeprofessoren Johan B. Steen, som kan fortelja at rypa et opp til 10000 bjørkekvistar om dagen for å få mat gjennom vinteren...
-
Claus Helberg, skreifiske og drøymetur...
Me får eit gjenhøyr med påsken 1999, då Arnulf Møllerstad var på skitur med turistforeningsentusiasten, motstandsmannen og fjellguiden Claus Helberg, den gong 80 år gamal. Helberg døydde i 2003. Kari Toft er på havet utanfor Senja, der skreien bur, og vermeldinga er meir en noko som avgjer kor påsketuren går. Den er nemlig livsviktig. Helge Søfteland møter Tommy Larsen, førstemann ut i ein ny serie på NRK1, "Drømmeturen", der vanlege turfolk kan søka om å få vera med på sin livs opplevelse...
-
Snowboard-kjøraren som blei friluftsmann og ein geistleg...
Helge Søfteland møter Stian Aadland som var snowboard-boms og vitlaus laussnøkjørar. Så mista han to gode kameratar i skred, og låste brettet inn i kjellaren. Friluftslivet blei vegen tilbake til livet for Stian. Arnulf Møllerstad møter biskopen i Tunsberg, Laila Riksaasen Dahl, som er oppteken av miljø og klima i tillegg til geistlege saker. Konkurransevinnar av eit par treski blei Kai Valbjør frå Vågå. Ny konkurranse om kvaslags fuglar me høyrte i bakgrunnen i Arnulf sitt innslag. Teaser...
-
Treski og vårpine i skogen...
Helge Søfteland vitjar den einaste treskifabrikken som er att i landet. Der driv Ulf Rønning med nisjeproduksjon for skinostalgikarar. Mange tusen år med historie ligg bak skikulturen vår, faktisk er ski eit av få norske ord som er blitt internasjonalt. Helge får prøva seg både på flatmark og i hoppbakken. Arnulf Møllerstad er i skogen med Olav Hjeljord som er professor i vilt. Dei ser nærare på vårknipa som mange dyr no kan oppleva når vinterreservane går mot slutten. Både hjortevilt og...
-
Dale Oen Experience og friluftsliv mot sjukdom.
Helge Søfteland Møter Dale Oen Experience på Hardangervidda. DOE var svømmaren Aleksander Dale Oen og broren Robin sitt prosjekt for å gje ungdom meistring gjennom naturopplevingar der dei kjenner på eigne grenser. Etter at Aleksander døydde brått i fjor, driv Robin prosjektet vidare i samme ånd. No står Grønlandskryssing for tur for fire heldige ungdommar mellom 13 og 18 år. Og treninga går føre seg på vidda. Mange strevar med sjukdom som lett kan føra til passivitet og lite friluftsliv....
Recommended Shows
PROGRAM INFORMATION
- Oslo, Norway
- Fishing
- Norwegian
- Visit the station website Email the show Update show info