Skimtvis - audio interview from Kristian Hus-logo

Skimtvis - audio interview from Kristian Hus

Media & Entertainment Podcasts >

More Information

Episodes

15 Torleiv Sydnes

12/5/2018
More
Torleiv Sydnes i samtale med Kristian Hus.

Duration:00:33:26

14 Bjarne Kaldestad

5/5/2018
More
– Vi har hatt eit godt liv, og er glade for at vi får vera to ilag i siste del av livet vårt, seier Bjarne Kaldestad (94) ettertenksamt. Kva som kjem etterpå, når det ein gong er slutt her på jorda, går han ikkje rundt og tenkjer på til dagleg. Men han filosoferer likevel av og til over liv og død og kva som er meininga med livet. Han er sikker på at når den siste stunda kjem, er det slutt for godt. Det er ikkje noko liv etter dette, meiner han. Bjarne er fødd og oppvaksen på Kaldestad, og...

Duration:00:39:27

13 Aslaug Eik

1/16/2018
More
– Livet har fare fint med meg, trass i nokre sjukdomstilfelle, så eg gler meg kvar dag over at eg har det så godt no i alderdomen. Det seier Aslaug Eik, tidlegare lærar og bondekone i Omvikdalen. Til sommaren blir ho 92 år. Ho tykkjer det gjev ein ekstra bonus når ho stundom blir spurt om å skriva litt for andre, eit dikt eller ein prolog, det gjev henne ei kjensle av å leva og viser at hovudet enno fungerer, legg ho til.

Duration:00:52:22

01 Bernt Kaldestad

6/10/2015
More
Sommaren 1939, før Bernt Kaldestad hadde fylt 18 år, fekk han jobb som kokk på ein fiskebåt, der han laga mat til tolv mann. Båten dreiv med brislingfiske i fjordane rundt om i Sunnhordland og Hardanger. I dette lydintervjuet fortel den no 93 år gamle Kaldestad om tida som kokk om bord. Han må ha greidd seg bra, etter det vi kan forstå, for han høyrde aldri nokon som klaga.

Duration:00:08:59