Friluftsmagasinet-logo

Friluftsmagasinet

13 Favorites

Jakt, fiske, natur og miljøvern er Arnulf Møllerstads virkefelt.

Jakt, fiske, natur og miljøvern er Arnulf Møllerstads virkefelt.
More Information

Location:

Oslo, Norway

Description:

Jakt, fiske, natur og miljøvern er Arnulf Møllerstads virkefelt.

Language:

Norwegian


Episodes

Friluftsmagasinet 01.10.16

10/1/2016
More
Bli med på hengekøyetur i Østmarka, med to tursøstre som skal ha 52 overnattingsturar på 52 veker...

Duration: 00:54:25


Friluftsmagasinet 17.09.16

9/17/2016
More
Bli med på fisketur på svenskegrensa, der fangsten blir uviktig når mystikken og storskogen grip deg...

Duration: 00:54:19


Friluftsmagasinet 27.08.16

8/27/2016
More
Kven er desse blåkledde som let hundane sine sniffa og snusa seg fram til deg når du har gått deg vekk på tur? Me er med Norske redningshundar på øving i Friluftsmagasinet i dag...

Duration: 00:54:41


Friluftsmagasinet 23.07.16

7/23/2016
More
Langs stien innover Junkerdalsura i Nordland veks sjeldne orkidear og sommarfuglar søker til varmen i ura og blomane. I Junkerdalselva er det masse laks, fossekallen stupar ut og inn av stryka og i oppvindane, langs dei svarte fjellveggane, svevar rovfuglane. Heile området er eit naturreservat og det er ikkje lov å plukke blomar. Finn du bær kan du fylle koppen. Tove Fugelsnes er på tur innover ura saman med Benny Sætermo frå Nordland Nasjonalparksenter og nasjonalparkforvaltar Hanne...

Duration: 00:41:40


Friluftsmagasinet 16.07.16

7/16/2016
More
Tove Fugelsnes besøker Gartlandsborg ved Namsen i Nord-Trøndelag. Her bur laksefiskarane standsmessig i engelskhuset med terrasse med søylegang og inngangsdør frå Stiftsgarden i Trondheim. Solfrid Rossetnes og mannen Anders Swartz eig og driv Gartlandsborg. Ho er oppvaksen på andre sida av elva der bror hennar, Harald Rossetnes, leiger ut til laksefiskarar. Kjetil Hermanstad fortel at Namsen er frisk og full av fisk.

Friluftsmagasinet 27.02.16

2/27/2016
More
Både nye og erfarne jegerar treng skytetrening og justering av våpen før jakt, vi er på Farvannet leirduebane i Kristiansand. Der er også ungdomen Marius som er lam og sit i rullestol, men det stoppar ikkje han i å vere med på jakt. Reporteren startar jaktkarrieren med leirdueskyting…I dag skal vi også treffe ein av landets yngste men mest erfarne friluftsfolk, ein seksåring som nyleg sov ute åleine i 27 minusgrader.

Friluftsmagasinet 20.02.15

2/20/2016
More
Herdla fort er kåra til eitt av Hordalands flottaste friluftsområde, med variert natur, fugleliv, naturreservat og godt tilrettelagde turstiar og rasteplassar. Museum frå krigens dagar ligg som fjellbunkersar og synlege krigsminne overalt i terrenget, og vågale friluftsaktivitetar som via ferrata og zipline er på plass, blant mykje anna. Det var førre istid som forma den spesielle naturen på øya vest mot havet, og gav det rike jordsmonnet og fuglelivet. Vi skal også til bymarka i Trondheim...

Friluftsmagasinet 13.02.16

2/13/2016
More
Elevane på friluftslivlinja til Stend vidaregåande skule får rike opplevingar året gjennom, både på fjellet, skogen og sjøen. Vi høyrer meir om alle turane, kursa og prøvene dei skal gjennom desse lærerike åra. I Kautokeino blir vi med Reindriftsskulen si naturbrukslinje på isfiske, under isen. Og i Sogndalen i Vest-Agder blir vi med ein ivrig naturfotograf på leit etter fossekallen.

Friluftsmagasinet 06.02.16

2/6/2016
More
Ekstremvêr og store vêromslag den siste tida har gjort snøskredfaren ekstra stor mange plassar. Leiaren i ei skredgruppe i Røde Kors har sjølv blitt tatt av snøras to gongar, no fortel han korleis det skjedde, og kva vi kan gjere for å unngå ei slik skremmande oppleving. Og ikkje minst kva vi skal gjere dersom vi sjølve eller andre blir tatt av snøskred. Vi skal også møte ein spesiell sportsfiskar som blir frå seg av glede dersom fisken han målretta går etter, veg meir enn 250 gram. Det...

Friluftsmagasinet 16.01.16

1/16/2016
More
Vi er med Statens naturoppsyn i båt ved Fedje og høyrer korleis dei er med på å sikre oss ein frodig og artsrik natur. Blant anna ved å fjerne den svartelista minken, som et både sjøfuglar og egg i hekketida. På oppdrag frå Miljødirektoratet kjem oppsynsmannen tett på det rike dyrelivet i kystsona, som spekkhoggar og hjort, havørn og oter, sel og sjøfugl. Kulden stoppar ikkje elevane frå Fjell ungdomsskule, som har alternative skuledagar i skjergarden langs Sotra. Elevane ordnar seg fersk...

Naturens verden 10.01.16

1/10/2016
More
Dei mange granfelta langs kysten som vart planta for 60 år sidan er no hogstmodne. Når grana sluttar å vekse dør treet langsamt og etter ei stund får ein ikkje selt trevirket. Tove Fugelsnes møter moderne tømmerhoggarar med monstermaskiner, ein skogmisjonær og ein biolog i granskogane i Tingvoll og får høre at den beste skogen har ei blanding av gran, furu og lauvtre. Mange myrer er grøfta opp og tørkar ut. 30 % av all karbon som ligg bunde i jordsmonnen ligg i myr og ei grøfta myr lekk ut...

Naturens verden 03.01.16

1/3/2016
More
Mange av grisene rundt om i landet kan føre anene sine tilbake til ei formeringsbesetning i Skaun i Sør-Trøndelag og er du i stamfar- og morbransjen må du vere frisk derfor er Mattilsynet med når Tove Fugelsnes besøker grisegarden. Helge Søfteland møter ei dame på Voss som vil at vi skal kjøpe og ete kvalitetsmat og Dagens Art er havørn og kongeørn.

Friluftsmagasinet 26.12.15

12/26/2015
More
I 2015 har Helge Søfteland , Monika Blikås og Tove Fugelsnes vore på mange flotte turar i naturen. Her kjem eit gjernhør frå sporing av gaupe i Hamarøy i Nordland, frå tur på flyktningeruta i Østmarka i Oslo, lakefiske i Sørumsand, villreinjakt på Dovre, frå båttur på Askøy, frå møte med kar med MS som gikk til Nordkapp og frå tur med KNT på Fjordruta på Nordmøre.

Friluftsmagasinet 19.12.15

12/19/2015
More
I haust har det komme mange flyktningar til Kristiansund og Kristiansund og Nordmøre Turistforening tek dei med på turar i naturen. Tove Fugelsnes oppsummerer Friluftslivets år saman med KNT og to gutar frå Afganistan på tur i skogen på Frei. Monika Blikås besøker Stend vidaregåande skule i Fana der hestar og elevar lagar juleshow.

Friluftsmagasinet 12.12.15

12/12/2015
More
På den nye raudlista med truga artar står rypa, ærfuglen og haren. Da bør vi kanskje slutte å jakte på dei ? Det går betre med hummaren som er ute av lisrta. Tove Fugelsnes er på skogstur saman med prosjektleiaren for raudlista til Artsdatabanken Snorre Henriksen og Trygve Hesthagen frå NINA. Monika Blikås besøker Frode Støre Bergrem og Arild Møllenhus i DNT i Trondheim. Dei arrangerer klatrekurs for damer og toillturar for ungdom. No skal dei til Nepal å gi julegåver til jordskjelvofra.

Friluftsmagasinet 05.12.15

12/5/2015
More
Stadig varmare vintrar gjer at skisentra satsar på kostbare snøkanonar og rulleskiløyper. Tove Fugelsnes besøker Skaret Skisenter utanfor Molde. Der fortel løypebasane Magnus Meisingseth og Kjell Hagen at folk gjerne betalar for å stå på slalåm men at dei vil gå gratis på bortoverski . På Havforskningsinstituttet på Austevoll møter Monika Blikås Sissel Andersen og Anders Mangor-Jensen. CO2 nivået i havet stig og det blir surare. Det viser forskning på haneskjel og kamskjel.

Friluftsmagasinet 28.11.15

11/28/2015
More
Den største trusselen mot lokale fiskebestandar i vatn og vassdrag er spredning av framande artar. Kjem det gjedde i vatnet forsvinn all auren og dukkar ørekyta opp forsvinn 40 %. NINA skal i aksjonen "Vern om dine fiskevatn" få sportsfiskarar til å rapportere inn ufisk. Tove Fugelsnes er på tur med Trygve Hesthagen frå NINA. Vi får også eit gjenhør av da ho var ved aurevatnet Lømsen saman med fiskeforvaltar Anton Rikstad hos Fylkesmannen i Nord-Trøndelag for eit år sidan. Da var det fanga...

Friluftsmagasinet 21.11.15

11/21/2015
More
I Møre og Romsdal er det 171 Stikk Ut - løyper og i år har over 10.000 deltatt på turkassetur. Den ivrigaste har vore på over åtte turar kvar einaste dag frå mai og ut oktober. Tove Fugelsnes er på tur med glade Stikk Ut-folk på Hjelset. Monika Blikås møter Hans Gunnar Skarstein som for tredje året på rad kan vinne predatorjaktkonkurransen til Bergen jeger- og fiskeforening.

Friluftsmagasinet 14.11.15

11/14/2015
More
Det er 171 Stikk UT-stiar i Møre og Romsdal og i år har over 10.000 meldt seg på. Han som var sprekast gikk over åtte turar kvar einaste dag frå mai og ut oktober. Tove Fugelsnes er på tur på Hjelset saman med Stikk Ut-leiar Ola Fremo og dei ivrige turgåarane Mari Torvik Sletnes og Oliver Sletnes. Monika Blikås er i jaktområda til Hans Gunnar Skarstein utanfor Bergen. Han kan tredje året på rad vinne predatorjaktkonkurransen der dei skyt dyr som blir definert som skadelege som t.d. raudrev...

Friluftsmagasinet 07.11.15

11/7/2015
More
Røya trives i kaldt vatn og når nysnøen legg seg i fjella kjem ho opp frå kaldt og djupt vatn for å gyte på grunna. Der står garnfiskarane klare til å sikre rakafisken og røykafisken til jul. Tove Fugelsnes trekker røyegarn i Fosterlågen saman med Nils Kristen Heggem. Monika Blikås fiskar på Trollabrygga i Trondheim saman med ein av landets beste artsfiskarar. Bjørn Florø-Larsen ser ikkje på storleiken på fisken men samlar på mange sortar.
See More