SunnhordlandPodden-logo

SunnhordlandPodden

1 Favorite

Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.no Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor

Location:

United States

Description:

Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.no Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor

Language:

Norwegian


Episodes
Ask host to enable sharing for playback control

Vilde Lundal Santell og Jenny Larsen - om Moster 2024, Jubileumsveka og Logistikk

5/5/2024
Det nærmar seg Jubileumsveka på Moster 28. mai – 2. juni 2024. Det er mykje spennande som står på programmet! I denne episoden er Vilde Lundal Santell og Jenny Larsen med og fortel om kva dei ser mest fram til og korleis dette skal bli ei fantastisk oppleving for alle som kjem til Moster. Du blir også litt betre kjend med Vilde og Jenny, som kan fortelje om alt frå kjøp av Bedehus, DJ-jobb i Los Angeles, bowling på høgt nivå og kunst i ein dusj. Takk til sponsor: Aker Solutions Lørdag 18. mai inviterer Aker Solutions deg med på ei heidundrande konsertoppleving i forbindelse med at dei har ferdigstilt produksjonsskipet Johan Castberg FPSO. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Duration:01:16:46

Ask host to enable sharing for playback control

Erika Nygård Ormseth - om Nobel, Gründerliv, Mote og Dramatikk

4/28/2024
Erika Nygård Ormseth hadde ein draum om ein klesbutikk som var raus, ekte og fin. Det var starten på gründerlivet og oppstarten av Nobel. No har dei lagt bak seg 5 år med drift, og Erika deler om oppturar og utfordringar. Om moter som endrar seg og om dramatikken då søstera Hedda opplevde akutt hjertesvikt. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Duration:00:37:32

Ask host to enable sharing for playback control

Familien Jakarian - om Flukta frå Syria, Vegen til Noreg og den krevjande situasjonen dei er i no

4/26/2024
I denne episoden av Sunnhordlandpodden får du møta Tamar Dankarian og Odd Ivar Vik. Dei fortel om Jakarian-familien si flukt frå Syria og deira reise til Noreg. Du vil høyra om korleis livet var i Syria før 2011 og den dramatiske endringa som skjedde då. Tamar deler historia om korleis dei måtte forlate heimlandet sitt på ein dramatisk måte og korleis det var å kome til Noreg. Odd Ivar Vik fortel om møtet sitt med Jakarian-familien og kva dei har betydd for Bømlo. Og ikkje minst, du får høyra om korleis livet deira endra seg i 2021 då dei møtte rettssystemet i Noreg. Vil du støtte Familien Jakarian? Sjekk ut: https://www.spleis.no/project/362662 --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Duration:00:59:57

Ask host to enable sharing for playback control

Vidar Hope – om Kreft, Aktmåling, Redaktørjobben i Sunnhordland og Kulturliv

4/21/2024
I februar 2024 gjekk Vidar Hope inn i ein av dei mest spennande mediejobbane på Vestlandet, nemleg som ansvarleg redaktør for avisa Sunnhordland. I denne episoden skal du få bli litt betre kjent med mannen bak avisa. Vidar deler om reisa han har vore på, ulike kulturprosjekt han har vore med på å dra i gang som Størjevikfestivalen, Bocciafest og Olsen & Jensens viseklubb. Livet byr på opp- og nedturar. Vidar fortel om utdrikningslag og avskjedskonsert, erfaringar med sjukdom og dødsfall. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Duration:00:37:11

Ask host to enable sharing for playback control

Silje Vatne Ersland - om Kattnakken, Pandemien, Mammarollen, Gründerlivet og Jakta på ein ny dagleg leiar

4/18/2024
Silje Vatne Ersland fortel om korleis det går med Kattnakken, om oppturar og utfordringar. Korleis er det å kombinere gründerliv og mammarollen? Korleis prega pandemien sal av regntøy? Og kor går vegen vidare for Kattnakken? Styreleiar for Kattnakken, Tor-Olav Sunde, er og med i episoden og fortel om si rolle i Kattnakken. Akkurat no er Kattnakken på jakt etter ein ny dagleg leiar. Vil du vidareutvikle ei av Noregs leiande merkevarear innan regntøy? Då er kanskje denne jobben noko for deg. Høyr meir om stillinga og kva moglegheiter som ventar. Episoden er laga i kommersielt samarbeid med Human AS. Les meir om stillinga her: https://human-as.no/ledig-stilling/376411/dagleg-leiar/r --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Duration:00:41:48

Ask host to enable sharing for playback control

Jógvan Brimheim Gunnarsson - Frå Bygda til BI, Standup og Kundereiser

4/14/2024
Jógvan Brimheim Gunnarsson har reist frå bygda på Bømlo via BI i Bergen, til Oslo. Han har stått på standup-scener og imponert med imitasjon av blant anna Åge Hareide og Morten Harket. I dag brenn han for gode kundereiser og velferdsteknologi. Høyr om reisa hans, og du får garantert ein god latter. Sponsor: Norwegian Mooring - https://www.normoor.no/ Norwegian Mooring tilbyr inspeksjonstenester innan olje og gass med særleg fokus på forankringsutstyr over heile verda. Norwegian Mooring har lang erfaring og høg kompetanse innan inspeksjon og leverer òg sertifiserte NDT-inspektørar. Norwegian Mooring er lokalisert på Stord med hovudkontor på Heiane og ein avdeling på Hanøytangen. I fleire år har Norwegian Mooring vore leverandør av fortøyningsanlegg i cruisenæringa og har utført installasjonar i Geiranger, Flåm, Nordfjordeid, Lakselv, Nynäshamn, Stockholm og Jamaica. Norwegian Mooring har høgt fokus på miljø. Teknologien Norwegian Mooring brukar til inspeksjon av forankringsutstyr er energieffektiv og kan spare 35 tonn CO2 årleg samanlikna med ein standardisert inspeksjonsmetode. Dette svarar til 176 000 kjørte kilometer med bensinbil. Dette hadde Norwegian Mooring aldri oppnådd utan det lokale engasjementet for energieffektivisering som Sunnhordlands-regionen leiar an i, og vi er stolte av vår lokale tilknyting. Stor takk til Norwegian Mooring for at dei ville sponse denne episoden. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Duration:01:15:56

Ask host to enable sharing for playback control

Marte Rykkje Halstensen – om Endometriose, Kvinnehelse, Arbeidsliv og Muligheter

4/11/2024
I denne episoden deler Marte Rykkje Halstensen ærleg om livet med endometriose. Men me pratar òg om bryllup, draumen om høns og sjølvdyrking. Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Atheno. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Duration:00:54:11

Ask host to enable sharing for playback control

Nashmia Sandbugt - om å Flytte Fjell, Kreativitet, Poesi og Musikk

4/7/2024
Nashmia Sandbugt fortel om si reise gjennom livet, utfordringar og erfaringar. Ho deler korleis død, sjukdom og smerte har endra henne, men òg korleis det har gjeve inspirasjon til poesi og musikk. Nashmia fortel om verdien av å tenke positivt og ikkje la jantelova bestemme. Nashmia gav ut ein ny song i januar, "Mountains". Lytt til sangen Mountains her - https://open.spotify.com/track/74TMsCpapooYoLcJdHNbYd?si=2cda402071eb4a3e Sjekk ut: https://www.instagram.com/paautpust/ https://www.instagram.com/photobynzsandbugt/ https://www.instagram.com/nashmia_music/ --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Duration:01:03:44

Ask host to enable sharing for playback control

Ingvild Brekke Myhre - om Læraryrket, Mangfald og Rekruttering

3/31/2024
Ingvild Brekke Myhre har påteke seg eit viktig oppdrag, ho skal leie Nasjonalt prosjekt for lærarrekruttering. I denne episoden får du høyre litt om historien til Ingvild, vegen til å bli lærar og kvifor det er viktig å få fleire inn i læreryrket. Sjekk ut: https://laererenmin.no/ Denne episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og Nasjonalt prosjekt for lærerrekruttering. Prosjektet er finansiert av Kunnskapsdepartementet og har som mål at fleire søkjer lærarutdanning og startar i yrket, og at det er eit større mangfald av lærarar i barnehage og skule. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Duration:00:41:13

Ask host to enable sharing for playback control

Hilde Susann Hystad Aadland - om Velferdsteknologi, VR-briller og Livskvalitet

3/25/2024
Hilde Susann Hystad Aadland er e-helse konsulent i Stord kommune. Velferdsteknologi handlar om å gi personar med eit hjelpebehov betre livskvalitet, auka tryggleik og større moglegheit til å klare seg på eigenhand. Fleire vil trenge tenester frå kommunen i tida som kjem, og me vil mangle arbeidskraft i helse- og omsorgstenesta. Me må tenkje alternativt til dagens måte å gje helsetenester på, og meir bruk av velferdsteknologi er eit av verkemidla. Les meir på: Velferdsteknologi - Stord kommune Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Stord Kommune. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Duration:00:36:05

Ask host to enable sharing for playback control

Lisa Hasholt Fosse og Kai Håkon Sunde - om Talentsenter i Realfag og Barn og Unge med Stort Læringspotensial

3/18/2024
Talentsenter i realfag er en sosial og realfaglig møteplass for barn og unge med stort læringspotensial. Fra høsten 2024 starter VilVite opp en satellitt av Talentsenter i realfag i regionen Sunnhordland, i lokalene til HVL på Rommetveit. Kai og Lisa ønsker å samarbeid med skolene, lærerne, foresatte og lokalt næringsliv for å få dette prosjektet til å bli best mulig. Elever med stort læringspotensial trenger en møteplass der de kan bli utfordret faglig og ikke minst bli kjent med andre barn/unge med samme interesser. Det langsiktige målet er at elevene skal se mulighetene og få lysten til å venne hjem til regionen for å bo og jobbe der etter endt studiegang. Lenker: Talentsenteret: Talentsenter i realfag på Vilvite i Bergen - VilVite VilVite: VilVite i Bergen - VilVite Gode prosjekter som nevnes i podden: First Lego League - VilVite Bli med på superbit-kampen! | Super:bit e-post: talentsenter@vilvite.no eller direkte til lihf@vilvite.no eller khs@vilvite.no Sponsor: Atheno - https://atheno.no/ --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Duration:01:05:31

Ask host to enable sharing for playback control

Inga Pedersen Totland - om Drømmejobben, Kvinnefotball og Sportsklubben Brann

3/11/2024
Inga Pedersen Totland frå Bømlo har fått drømmejobben for Sportsklubben Brann. I denne episoden får du høyra om vegen fram til jobben som Innholdsansvarleg for Brann og kva det inneber. Inga fortel òg om si fotballkarriere, studier på Hawai og korleis det er å svømme med delfinar. Du får høyra om Kvinnefotball og Jenter vil meir-kampanjen. Sponsor: OneSource - https://onesource.as/ --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Duration:00:36:20

Ask host to enable sharing for playback control

Aleksander Günther - om Gatekunst, Galleri, Sommerfugl i Vinterland og “Hope For A New Spring”

3/6/2024
Torsdag 7. mars kl. 12:00 lanserte Aleksander Günther med sitt nye trykk “Hope For A New Spring”. I denne episoden får du bli litt betre kjent med Aleksander og hans reise som kunstnar. Du får høyra historia om Sommerfugl i Vinterland, ei reise til Afrika og mykje meir. Sjekk ut: https://gallerigunther.com/https://www.instagram.com/gallerigunther/https://www.facebook.com/gallerigunther/ Sponsor: Leirvik - https://leirvik.com/ Leirvik vert anerkjent som ein verdskjend leverandør innan ingeniørverksemd, innkjøp og konstruksjon, òg kalla EPC, av store aluminiumskonstruksjonar og tilknytte tenester for kundar både til lands og til havs. Selskapet vart grunnlagt i 1946 og har sidan den gong bygd seg opp som ein påliteleg aktør i bransjen gjennom åra. Med hovudkontor på Stord og ein arbeidsstokk på 330 tilsette, leverer Leirvik innovative og berekraftige løysingar innanfor tre marknadsområde: Energi (olje og gass og vindkraft), Havbruk og Infrastruktur. Deira ekspertise strekkjer seg til design, produksjon, installasjon og vedlikehald av aluminiumsprosjekt av ulik storleik og kompleksitet. Leirvik har eit sterkt fokus på kundetilfredshet, kontinuerleg forbetring og ikkje minst tryggleik og trivsel på arbeidsplassen. Slå gjerne følgje med Leirvik på LinkedIn og Facebook. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Duration:01:12:47

Ask host to enable sharing for playback control

Dag Jørund Lønning – om Jordboka for hagen, vårfest i Litlabø samfunnshus og ein tur til Kina

3/6/2024
Dag Jørund Lønning er aktuell med ei ny bok «Jordboka for hagen», og laurdag 9. mars inviterer han til Lanseringsfest og Temadag: Naturbygging i hagen, i Litlabø samfunnshus på Stord. Det blir ei stor vårfest for natur- og hageinteresserte. Kva som skjer der, og kva boka handlar om, får du høyre om i denne episoden, pluss nokre glimt frå Kina. Sponsor: Hageland Stord Hageland Stord finn du på Heiane på Stord. Dei har alt du kan tenkje deg av planter og blomster til hus og hage. Leiter du etter potteblomster, hageplanter eller jord og utstyr, finn du det hos Hageland. Dei har òg trær, prydbuskar og hekkplanter, eller kva med nokre nye bringebærbuskar? Kanskje du skulle hatt nokre nye utemøblar? Det finn du òg hos Hageland. Om det er noko du lurar på angåande beplanting og hage, berre spør hos Hageland – dei hjelper deg meir enn gjerne. Stor takk til Hageland Stord for at de ville vere med som sponsor for denne episoden. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Duration:00:46:13

Ask host to enable sharing for playback control

Nina Ingvaldsen - om Heimflytting, Næringsliv og sånne ting

3/3/2024
Nina Ingvaldsen er dagleg leiar for Bømlo Næringsråd. I denne episoden vert du betre kjend med reisa til Nina, korleis det var å flytte heim og kva Bømlo Næringsråd held på med. Sponsor: Finnås Kraftlag --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Duration:00:25:47

Ask host to enable sharing for playback control

Willie Wågen – om Sustainable Energy Norwegian Catapult Centre, Bærekraftig Energiteknologi og Pizzabaking

2/26/2024
Willie Wågen leiar Sustainable Energy Norwegian Catapult Centre på Stord. I denne episoden vert du betre kjend med historia hans og kva Sustainable Energy jobbar med. Du får svar på: Og mykje meir... --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Duration:00:39:54

Ask host to enable sharing for playback control

Stian Tønder - om ein Dramatisk Fødsel, Kreativitet, Kaizers og TikTok

2/19/2024
Stian Tønder jobbar fulltid som rockestjerne, skodespelar og er lærar "på si". Han er ein stille og roleg type, men når han kjem på scena eller framfor eit kamera, då skjer det noko... I denne episoden blir du litt betre kjend med Stian Tønder, og du får høyra om ein dramatisk fødsel, kreativitet, Kaizers, TikTok + mykje meir. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Duration:01:03:16

Ask host to enable sharing for playback control

Reidun Hagenes - om Musikken som Former Menneske

2/11/2024
Ho blir omtala som «The Grand Old Lady» når det kjem til kor på Stord, men ho har òg markert seg nasjonalt og internasjonalt. I denne episoden blir du litt betre kjend med Reidun Hagenes, og høyra om korleis musikken kan utvikla heile mennesket. Du får høyra om ballett i barndommen, jobben som telegrafist og livet på sjøen, musikkpedagogisk utdanning ved Bergen Musikkonservatorium og oppstart av kor på Stord. Pluss mykje meir! --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Duration:00:58:36

Ask host to enable sharing for playback control

Atle Wigum - Del 2 - Straumkrisa, Havneområde og den Politiske Situasjonen

2/9/2024
Dersom Atle var diktator, korleis ville han ha handtert straumkrisa, kommunens bruk av havneområde og mykje meir. Atle deler òg tankar om inflasjon og den politiske situasjonen på Stord. Trur du Atle kjem til å engasjere seg politisk og stilla til val? Svaret får du i denne episoden. Atle skriv om podden: «Når du sliter med å sove, kan jeg anbefale noe som hjelper. Meg på podcast er iallfall billigere en både reseptfrie og reseptbelagte sovemedisiner. Og du får med en tilnærmet garanti for at søvnen kommer raskere enn det Warholm bruker på å hoppe over 10 hekker. Er du fremdeles våken har du seriøst en utfordring. Men kanskje noen nye tanker i bagasjen også.» Dette er ein episode som i første omgang berre vert sendt til dei som er betalande abonnentar. Her kan du bli med på laget: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/subscribe --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Duration:01:37:59

Ask host to enable sharing for playback control

Lars Jostein Rørvik - om Spelejobbar, Rock- og popband i Kvinnherad og Interessa for Historie

2/5/2024
Lars Jostein Rørvik har hatt meir enn 300 spelejobbar i Sunnhordland og Hardanger. Han er litt over snittet interessert i historie og har gitt ut fleire bøker. I denne episoden får du høyre om interessa for fotball, kvifor han heier på Leicester, om å spela opp til dans og mykje meir. Me pratar om bøkene: Og ein ny bok som er på gang. Sponsor: Gaa Paa Episoden er sponsa av kulturprodusenten Gaa Paa. Gaa Paa arbeidar gjennom sine prosjekt for den levande, ekte og lokale scenekulturen i Kvinnherad. Den 24. februar kjem Gaa Paa til Stord kulturhus og presenterer gigantprosjektet «Pink Floyd Prosjekt 3» som er ein fullskala Pink Floyd-konsert, framført av 20 av dei beste artistane frå Kvinnherad. Frå ein enorm scene, som nett så vidt får plass i kulturhuset, skal publikum bli dratt med inn i Pink Floyd sitt univers gjennom storkonserten, som er bada i godlyd, lys og effektar! Her blir musikk frå ulike album og epokar – låtar me veit Pink Floyd-fans vil setja pris på! Billettar får ein kjøpt hos Stord Kulturhus, på nett og i billettluka. Konserten startar kl. 20:00 --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Duration:00:55:31