Naturens Verden-logo

Naturens Verden

NRK Norway

Naturens verdens reportere tar sine mange lyttere med på naturopplevelser i nord og sør, øst og vest hver søndag hele året.

Naturens verdens reportere tar sine mange lyttere med på naturopplevelser i nord og sør, øst og vest hver søndag hele året.
More Information

Location:

Oslo, Norway

Networks:

NRK Norway

Description:

Naturens verdens reportere tar sine mange lyttere med på naturopplevelser i nord og sør, øst og vest hver søndag hele året.

Language:

Norwegian


Episodes

Naturens verden 02.10.16

10/2/2016
More
På eit nydeleg fjellvatn i Balsfjord i Troms legg vi ut i båt for å sjå årets vakraste eventyr - røyegytinga. Og lærer mykje av forskarar frå UiT Norges arktiske universitet i Tromsø. Damerøyene er kresne i val av menn, så mennene brukar all energi på å gjere seg ekstra raude og tiltrekkande. Men er det nok? Og kan fiskar bli forelska? Frå båten ser vi rett ned på røyenes gytegrunn, og undervasskamera viser endå meir av leiken. På Sunndalsøra er vi med på opptaking av potet, og dagens art...

Duration: 00:49:45


Naturens verden 18.09.16

9/18/2016
More
Jeløya i Østfold har ein heilt unik natur, i dag får vi høyre om dei mange naturtypane som fins her. Alt frå landets største utval av sommarfuglar og edellauvskogallear rundt herregardane, til rådyr, strandblomar og månelandskap. På Batnfjordsøra kryr det av folk under Dyregoddagane. Store og små handlar mat, nips og traktorar og ser på dyr. Dagens art er kvistlaven, som er ein av artane som har glede av klimaendringane. Varmare og våtare ver gjer at den sprer seg raskt.

Duration: 00:46:16


Naturens verden 28.08.16

8/28/2016
More
I Kurefjorden mellom Rygge og Råde i Østfold finn vi eit av landets rikaste, skjøtta våtmarksområde. Her kan du få auge på alt av våtmarksfuglar som er innom landet vårt, frå det høge fugletårnet langs vasskanten. I Krutådalen i Nordland driv Laila Hoff fjellgard over 500 meter over havet. Ho bur i fjellbeitet der rovdyra kjem inn på tunet. Professor Dag O. Hessen har skrive karbonet sin biografi. I haustens første «Dagens art» fortel han meir om dette viktige stoffet.

Duration: 00:47:51


Naturens verden 29.05.16

5/29/2016
More
På 1800-talet vart beveren nesten utrydda, men no trives han i norske skogar. Vi kan sjå kvar han bur. Tre ser ut som om dei er felt med blyantspissar og bustete jordlass ligg langs vatna. Her bur beveren i sjølvlaga beverhytter. Han er freda men det er beverjakt og ikkje alle likar at han lagar våtmarksområder og gneg ned tre. Tove Fugelsnes ser etter beveren i Bymarka i Trondheim saman med Bjørn Rangbru frå Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Sør-Trøndelag. Helge Søfteland ser på det...

Naturens verden 22.05.16

5/22/2016
More
På vårgrøne ekrer i Sunndal sprett geiter og kje rundt. Kjea får all mjølka til mora , for på Utistu på Gikling i Sunndal blir det ikkje laga geitost. Her produserer geita verdas beste ull, kasjmirull. Tove Fugelsnes besøker Oddveig Gikling Bjørnå som fikk tid til meir da ho slutta med mjølkekyr. No sitt ho i styret i Nortura, i styret i Norges Bondelag, er nestleiar i Norsk Kasjmirlag, Alumnmedlem i 4H, aktiv i lokalpolitikken OG driv gard med kasjmirgeiter, sauer, høner og ammekyr ! Ho...

Naturens verden 01.05.16

5/1/2016
More
Rundt om i landet jobbar sauebønder natt og dag med å ta imot lam. Dei må vere raskt på plass for viss eit nyfødt lam blir slikka på av ein annan sau enn mora, kan ho støyte det frå seg og den lille blir eit kopplam. Tove Fugelsnes er med på lamminga hos Ragnhild Brevik Haukland på Aspøya i Tingvoll kommune i Møre og Romsdal. Med bæææææææ og brak kjem det lam til verda inni båsane og lamadama Sigrun Dorotea følger nøye med. Ho skal passe på sauene når dei blir slept ut på grøne ekrer, for...

Naturens verden 24.04.16

4/24/2016
More
Denne helga har Norsk Ornitologisk Forening årsmøte på Stiklestad og Tove Fugelsnes er ved Trondheimsfjorden og ser på fuglar saman med generalsekretær i NOF, Kjetil Aadne Solbakken. Småfuglane syng våryre i busk og kratt, stokkendene parrar seg og kortnebbgåsa plogar ned på trønderske åkrar for å bunkre for turen vidare til Svalbard. Årets fugl i NOF er gravanda og ho dukkar også opp med det ildraude nebbet sitt. Det er no søkt om å få sette ut tamme oppdrettsstokkender som skal jaktas på...

Naturens verden 17.04.16

4/17/2016
More
Rundt om i landet er det vårdugnad i småbåthamnene og det blir spyla, pussa og drukke kaffe. Før gikk mykje av skiten og miljøgiftene rett på havet, no blir det meste samla opp og levert inn. Dunkarsundet ligg rett ut i havet med utsyn til Griphølen og Tove Fugelsnes er på besøk under årets første dugnad. Helge Søfteland får høre om forskning som viser at laksen kan bli kvitt lusa om han kjem seg djupare ned i sjøen og dagens art er bøk.

Naturens verden 10.04.16

4/10/2016
More
I Halsa i Møre og Romsdal driv Ragnhild Liabø Fjeldstad mjølkeproduksjon i kaldfjøs og kyrne kan kose seg med blomar, sommarfuglar og fine mønster som Ragnhild har måla rett på veggane inne i fjøset. Saman med vårfuglane syng ho songar på tunet og ein kar frå Somalia hører på. Han er flyktning og er hos Ragnhild for å lære norsk. På låven blir det snekert på eit stort Kurium. Tove Fugelsnes besøker Liabøgarden. Helge Søfteland møter forskar Elisabet Forsgren frå NINA som fortel at...

Naturens verden 03.04.16

4/3/2016
More
Som eit spionskip frå ein James Bondfilm ligg Den Sorte Diamant i havet utanfor Smøla. Dette er eit fotoskjul som Smøla Naturopplevingar skal ta i bruk i år. Audun Lie Dahl tek Tove Fugelsnes med ut i havet og som ein av dei aller første får ho komme inn i diamanten. På Smøla får vi også høre om Baron Blå og Baronessa Barfot. Eit havørnpar som blir filma live i reiret. Du finn dei på Zooom.no. I botanisk hage i Bergen møter Helge Søfteland Heidi Lie Andersen som fortel om fargerike...

Naturens verden 27.03.16

3/27/2016
More
Ytterst ved havet, i Bud i Møre og Romsdal, bur biletkunstnaren Åse Sæterøy. I bloggen Hageåse fortel ho om hagen som ho i skumsprøyt og vind gjennom mange år har bygd opp mellom bergrabbane . Tove Fugelsnes er på påskebesøk hos Åse og mannen Per Magne . Han har spesialisert seg på å lage hagemurar av avispapir. Helge Søfteland hører på fuglesong i arboretet i Bergen saman med Terje Lislevand og Monika Blikås møter Arne Fjellberg som presenterer Dagens art, nasehornbille.

Naturens verden 20.03.16

3/20/2016
More
Ho kjem frå Finnmark, møtte kjærleiken da ho studerte på Ås og flytta med mann og barn til garden hans i Saltdal i Nordland. Her driv ho med sau og Tove Fugelsnes møter Ann Guro Hansen og lamfulle og ullstore sauer ute i snøen. Etter lamminga ,og når snøen tinar frå liene, skal dyra på fjellbeite. Der ventar rovdyra. Fem år på Ås er ikkje nok for Ann Guro, no utdannar ho seg til sosionom for å jobbe med bønder som slit etter å ha funne dyra sine sundreve på beite. Helge Søfteland møter Ole...

Naturens verden 13.03.16

3/13/2016
More
Om vinteren kjem det masse elg til Målselv i Troms for å finne mat. Det går hardt utover skogen og mange dyr blir skada og dør i trafikkulykker. Tove Fugelsnes møter Tor Eriksen frå ettersøkskorpset som fortel om grusomme syn når dei må leite opp og avlive skada dyr. Lars Frihetslid frå Statsskog jobbar med å tilrettelegge skogen slik at elgen finn mat utan å ødelegge for skogsdrifta. Helge Søfteland besøker Tore Haraldset som er ordførar i Nes i Hallingdal. Han trives best ute i naturen...

Naturens verden 06.03.16

3/6/2016
More
Denne vinteren er det fullt med turistar frå heile verda i Troms. Dei kjem for å sjå polar villmark, nordlyset, kvalar , kjøre med hundespann og møte samar med reinsdyr. Tove Fugelsnes blir med Ivar Hagen frå Tromsø Safari til reingjerdet på Tønsnes. Der tek Johan Isak Oskal imot turistar som får mate reinsdyr og høre om samisk kultur. Dei får varmen tilbake i kroppen ved bålet i lavoen og med varm samisk bidos.

Naturens verden 28.02.16

2/28/2016
More
I ytre Balsfjord går alpakkadyr i mange fargar på snøkvite ekrer. I gardsbutikken kan ein kjøpe dei lekraste plagg av varmt alpakkagarn. "Fishing for litter" eller søppelfiske heiter det når fiskarane tek med seg søppel dei får i bruket til lands og Dagens Art er krabbeedderkopp.

Naturens verden 21.02.16

2/21/2016
More
Når hundar får masse tur og søvn blir dei stille og rolege. Det er ikkje eit boff å høre når Tove Fugelsnes besøker hundebarnehagen Hundevis på Kvaløysletta i Tromsø. Ein stressa og redd hund er uroleg og gjøyr mykje, men sjølv ein gamal hund kan endre seg. Det trengs berre masse trening - og godis ! Helge Søfteland møter ein professor som veit kva vi skal lage drivstoff og plastsaker av når olja forsvinn og Dagens Art er stålorm.

Naturens verden 14.02.16

2/14/2016
More
Skreien kom til kysten i Troms først i starten av februar, men da kom det mange. Det blir eit toppår i år. Båtane ligg i kø for å levere fisk i Tromvik på yttersida av Kvaløya i Troms. Tove Fugelsnes besøker fiskemottaket der trailerane står klare til å frakte skrei på smale og farlege vegar i bratte fjellsider innover på veg mot E6 og luksusrestaurantane i Europa. Helge Søfteland møter ein professor som seier at industrilandbruket både er bra og nødvendig og Dagens Art er vannspissmus.

Naturens verden 07.02.16

2/7/2016
More
Mats Hegg Jacobsen vart kåra til Årets Unge Bonde 2015. Tove Fugelsnes besøker han og kona , Lisa Jacobsen, på garden på Berg utanfor Tromsø . Der driv dei økologisk med utegris, villsauer, eit fargerikt felleskap av høner og oppdrett av geitekje. Familiar adopterer eit kje og får fem gardsbesøk før dyret går til slakt. Bonden leverer så ein kasse med den adopterte på døra til familien. Den store og rolege purka Kamille har 16 grisungar i huset sitt ute i snøen og dominerande høner tek...

Naturens verden 31.01.16

1/31/2016
More
Utan erfaring frå gard tok Kristin Bygdås for 17 år sidan over eit småbruk i Korgen. No er garden Bjerkmo eit praktbruk og det renoverte hovedhuset frå 1600-talet har fått Hemnes kommune sin Byggeskikkpris. Mykje takka vere snekkaren Roger Jakobsen , som etter kvart vart husbonde på garden. Tove Fugelsnes besøker garden med utsikt til Okstindan. Helge Søfteland fer til skogs saman med Ken Olaf Storaunet og ser at ting tek tid i trea sin verden og han er med på den store hagefugltellinga...

Naturens verden 24.01.16

1/24/2016
More
I harde vintrar trekker fuglane sørover i januar. Mange av brettfuglane våre flyg også vestover til litt varmare strøk. Gråspurven er verdas med utbredde fugl , men no går talet på gråspurv ned. Han trives der menneska bur men moderne tette hus og fjøs , forureining og mobilbruk er farleg for fuglen. Tove Fugelsnes ser på vinterfuglar langs Nidelva i Trondheim saman med Morten Ree frå Norsk Ornitologisk Forening og Peter Ranke, som tek doktorgrad på gråspurv. Helge Søfteland møter mat- og...
See More